To skadde i trafikkulukke Olden-Innvik

  Foto: Ove Sveen

  Foto: Ove Sveen

  Foto: Ove Sveen

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

To ungdomar, ein gut og ei jente i 20-åra vart skadde i ei trafikkulukke på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik ved 8.30-tida laurdag morgon. Den eine av personane vart frakta til sentralsjukehuset i Førde med ambulansehelikopter, den andre personen vart køyrt til det same sjukehuset i ambulanse. Dei to skadde sat i ein varebil på veg mot Olden då dei møtte ein italiensk bubil på veg mot Innvik. Ulukka skjedde på eit smalt vegparti omlag 500 meter vest for Ugla.

Politiet kan ikkje seie noko om omfanget av skadene til dei to. Dei kan heller ikkje seie noko om årsaka til kollisjonen. Paret i den italienske bubilen slapp med skrekken. Det er på det reine at dei to bilane sneia bort i kvarandre. Føraren av varebilen køyrde i grøfta etter samanstøyten og traff nokre bergnabbar. Bilen var såleis ikkje køyrbar og vart seinare henta med kranbil.

To ambulansar, politi og redningsmannskap frå Olden kom raskt til staden. Etterpå kom også ambulansehelikopteret.