Olden-Innvik opnar ved midnatt

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Store steinmasser ramla i dag ned på fv 60 mellom Olden og Innvik under arbeidet med reinsking etter raset måndag. Ved hjelp av luftputer lukkast mannskapet frå Betongrenovering AS også å få ned den store steinblokka som låg att øvst i raset. Geologen frå Statens vegvesen ville ha denne steinen vekk før han tilrådde opning av vegen att.

Etter at steinblokka var fjerna, viste det seg at endå meir stein måtte fjernast. - Dette arbeidet kravde mykje manuell innsats blant anna med spett, og var tidkrevjande. Men arbeidet har gått bra og vi vil vere klare til å opne fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik ved midnatt, fortel Terje Samuelsen i Statens vegvesen.