Aksjonerte for trygg skuleveg

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Foreldre frå Vikane, representantar for pendlarar og andre brukarar stod vakt i Knarrura då dei to skulebussane passerte måndag morgon. Gjennom aksjonen blir det fremja tre konkrete krav for trygg veg til dei over 50 elevane som dagleg reiser til og frå skulen i Olden.

- Som strakstiltak må bukta fyllast ut slik at vegen forbi Knarrura kan utvidast. Det er også eit krav at geolog skal ha jamleg tilsyn med det rasfarlege området. Viktigast av alt er at Vangbergstunnelen blir påbyrja så snart som råd. Det føreset at fylkestinget fattar vedtak i desember, slik at tunnelen får anleggsstart tidleg i 2013, seier akjonsleiarane Tanja Hage og Olav Rune Haugen til Fjordingen.

Formannskapsmedlem Jofrid Rye Hestenes som sjølv stod rasvakt, fortel at samferdsleminister Marit Arnstad vil sjå på fv 60 Olden - Innvik under sitt besøk i haust.

- Ekstra midlar er heilt nødvendig for å få realisert dette viktige vegprosjektet, understrekar Jofrid Rye Hestenes.

Les meir i papiravisa