- Ikkje gjer same tabben ein gong til

Reidar Holen var sterkt kritisk då masse frå Holentunnelen blei tippa på sjøen. Han åtvarar mot at det same vil skje når arbeidet på Agjeldstunnelen startar om kort tid.

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

- Etter mitt syn var det ein tabbe at Stryn kommune gjennom reguleringsplanen gav løyve til å tippe 80.000 kubikk frå Holentunnelen på sjøen i Svartehola. Dette var masse som kunne vore nytta til utvidingar og strakstiltak. Eg vil på det sterkaste åtvare mot at same tabben vert gjort ein gong til. Det er ikkje berre til fyllling i Knarrua at det vil vere behov for masse, seier Reidar Holen.

Les meir i papiravisa