Fyrte av første salva

  Foto: Ove Sveen

Nyhende

Måndag kveld fyrte ordførar Sven Flo av den første salva i Agjeldstunnelen på fylkesveg 60.

Ein stor del av NCC sin 25 mann store stab på Olden-Innvik samt fleire leiarar i Statens vegvesen var til stades då opningsprofilen i tunnelen vart lagt. Det blir no køyrt to skift i tunnelarbeidet frå klokka 6 om morgonen til klokka 2 om natta.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp ber om at bilistar tek hensyn. Vegen kan bli stengt i inntil 30 minutt så lenge sprengingsarbeidet pågår.

- Sikringsarbeidet i Knarrura nærare Olden tilseier uvanleg stor anleggstrafikk totalt sett, seier Huseklepp.



Les meir i papirutgåva