Fekk ordførarkjede i gåve

Tre tidlegare ordførarar, to privatpersonar, historielaget, lokalt næringsliv og bank sørga for at Hornindal ikkje lenger er einaste Nordfjord-kommune utan ordførarkjede.

  Foto: Harald Vardtal

Nyhende

Ex-ordførarane Atle Tomasgard, Paul O. Tomasgard og Ola Are Ytrehorn ønskte at Anne Britt Øen Nygård skulle få ordførarkjede til dei store opningshøgtidene i september. Med seg til å finansiere gåva, fekk dei Sparebanken Sogn og Fjordane, J.E. Ekornes AS, avdeling Grodås, Hornindal historielag, Jon Ytrehorn og Rolf Taraldset.

Ordførarkjedet som vart overrekt på kommunestyremøtet torsdag, er laga av i sølv med emalje av TG-design/gullsmed Truls Grønvold, Hønefoss. Kommunevåpenet har ein sentral plass i kjedet. I tillegg finn vi kjende motiv med element frå historie, natur, planteliv, næringsliv, samferdsle og kultur.

Les meir i papiravisa