To menn må overnatte i korg over fjorden

  Foto: Jogeir M. Agjeld

Nyhende

To personar sit faste i ei arbeidskorg på kraftlinja over Nordfjord mellom Stavenes og Agjeld i Stryn. Forsøk på å redde dei to ned seint måndags kveld mislukkast.

- Helikopteret hadde berre ein kabel som referanse. Når ein skal halde helikopteret heilt i ro under ein slik redningsaksjon, er ikkje det god nok referanse. Difor er risikoen for høg, opplyser Erik Willassen, redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge. Etter å ha gitt opp redningsforsøket, reiste helikopteret til Stryn der det no vert samla saman varme klede og mat til dei to mennene i korga.

- Vi vil gjere forsøk på å heise ned ein bag med mat og utstyr til dei to som må tilbringe natta i korga. Deretter vil helikopteret returnere til basen i Florø, seier Willassen.

SFE har hatt linjearbeid på kraftspennet over fjorden i heile dag, der målet har vore å byte ut markørar. Ved Sogn og Fjordane politidistrikt får Fjordingen opplyst at feilen på korga vart oppdaga då dei to arbeidarane skulle inn etter ferdig arbeidsdag. Forsøket på å få opp reservekorg lukkast ikkje.

Arbeidskorga er trang, og gir ikkje mykje meir plass enn til to personar som skal arbeide. Men politiet og Hovudredningssentralen vurderer det som mykje meir risikabelt å gjere eit nytt redningsforsøk enn at mennene må overnatte i korga.

Det vil bli gjort nytt forsøk på å få ut ei ny korg når det vert lyst tysdag morgon.