Dramaet i kraftlinja held fram

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Kraftig regn og vind kompliserer aksjonen for å redde ned dei to mennene som no har tilbragt nær eitt døgn i ei trang inspeksjonskorg oppe i kraftlinja 100 meter over Nordfjord. Ambulansemannskapet vurderer riskikoen ved ei redning ovanfrå som stor, ettersom vogna heng i ei kraftlinje lågare enn andre linjer i det same spennet. Politibetjent Geir Olsen opplyser til Fjordingen at den siste planen no går ut på å sende ei alpin redningsgruppe ut til dei to i ei ekstra korg. Planen vidare er å fire mennene ned til ein båt på fjorden.

- Ei alpin redningsgruppe frå Sunnmøre er snart i Stryn. Planen er at desse skal få transport med ATV opp til Staveneset for så å klatre opp masta og kome seg ut linja med ei anna korg. Dette kan ta noko tid, og aksjonen vert ikkje enklare ved at veret er blitt betydeleg dårlegare no på føremiddagen, seier Olsen. Han opplyser at det er rundt 90 meter frå korga og ned til fjorden.

Dei to linjearbeidarane har vore ute i den 1,5 kvadratmeter store korga i om lag eitt døgn. Dei oppdaga feil på korga då dei skulle inn etter utført linjearbeid i går ettermiddag. Feilen gjorde at dei ikkje fekk korga til å gå tilbake. Forsøk på å få ut ny korg mislukkast. Det same gjorde forsøket i natt på å hente dei opp ved hjelp av eit Sea King redningshelikopter.

Kai Petter Sårheim, kommunikasjonsdirektør i SFE, fortel til Fjordingen at dei to fekk varme klede, presenning til tak, mat og drikke via helikopter rundt midnatt. Dei har ikkje fått fosyningar etter den tid, og har det både vått og kaldt der dei no ventar på å bli redda ut.