Redda ned etter 25 timar

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Dei to mennene som sat meir enn 25 timar i ei arbeidskorg på kraftlinja 100 meter over Nordfjord er redda. Ved hjelp av Sunnmøre alpine redningsgruppe og eit Sea King helikopter vart det sendt tau ned til dei to karane i korga. Dermed kunne dei sjølv rappelere ned i ventande båtar på fjorden.



- Dette har vore eit frykteleg døgn med store påkjenningar først og fremst for dei to i korga, men og for alle involverte. Vi er alle svært lukkelege over at redningsaksjonen gjekk godt, seier Kai Petter Sårheim, kommunikasjonsdirektør i SFE.

Etter å ha landa trygt i båtar ute på fjorden, vart dei to mennene køyrde til land der ambulansepersonell venta. Før dei gjekk inn i ambulansen kosta karane på seg eit stort smil til eit stort pressekorps som venta.

- Kollegaer som snakka med dei fortalde at dei var svært lukkelege og etter forholda i god form, seier Sårheim.