Vegdirektøren med klar E39-tale

  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Det er to reelle alternativ for E39 gjennom Nordfjord. Den rimelegaste løysinga er tunnel gjennom Utvikfjellet, bru til Svarstad og Kvivsvegen.

- Den faglege vurderinga er at det er to klare alternativ for E39 gjennom Nordfjord. Bru Anda- Lote og vidare over Stigedalen eller tunnel gjennom Utvikfjellet, bru til Svarstad og Kvivsvegen. Av dette er tunnel gjennom Utvikfjellet mest kostnadssparande, sa vegdirektør Terje Moe Gustavsen etter at dei ulike alternativa for E39 gjennom Sogn og Fjordane vart presentert for samferdslekomiteen i Stortinget på Sandane i dag.

- Ved å velje S-løysinga med bru ved Anda – Lote og E39 gjennom Kviven, går ein for mykje på akkord med regiontenkjinga og ein rask europaveg, meinte vegdirektøren som viste til at ein sparer to milliardar kroner ved den indre løysinga.

I spørsmålsrunden som avslutta møtet, kom det fram at dei to milliardane er nok til å byggje ut E39 med gul midtsripe langs Jølstravatnet.