E39-avgjerd innan eit halvt år

Nyhende

Onsdag kom kvalitetssikringsrapporten som tilrår at E39 bør krysse fjorden med bru Anda-Lote, veg vidare i tunnel mot Hornindalsvatnet og derfrå veg og tunnel gjennom Stigedalen med fjordkryssing langt inne i Austefjorden.

- Interessant å få fleire vinklingar. Dette betyr at saka vert godt belyst for oss som skal ta saka vidare politisk, seier statsråd Marit Arnstad. Ho har eit klart mål om at valet om fjordkryssing i Stryn eller Lote-Anda vert klart innan Nasjonal Transportplan skal vere klar om eit halvt år.