Utvik barnehage friskmeld for radon

Montering av nytt ventilasjonsanlegg har redusert radonverdiane i Utvik barnehage til 50 Bq/kbm. Det betyr at lokalet kan friskmeldast.
Nyhende

Barnehagestyrar Per Inge Seime gjev ros til Stryn kommune for måten saka vart løyst.

- Byggansvarleg Egil Erdal tok ansvar og fekk installert eit skikkeleg ventilasjonsanlegg. Siste målingar viser at radoninnhaldet ligg godt under tiltaksgrensa på 100 Bq/kbm, seier Seime til Fjordingen.

Utvik barnehage fekk i 2010 varsel om at det tidlegare skulelokalet ikkje kunne godkjennast på grunn av radoninnhald som låg over Statens strålevern si tiltaksgrense som den gong var på 200 Bq/kbm. Det vart då gjort tiltak ved å tette golvsprekker og montere avtrekksvifter som skulle ta vekk radon frå grunnen. Verdiane fall då frå 236 til 152 Bq/kbm. Men det var ikkje tilstrekkeleg etter at Statens strålevern frå 1. januar 2011 innførte ny tiltaksgrense på 100 Bq/kbm.

- Vi hadde då to alternativ. Anten leggje duk over heile kjellaren, eller montere nytt stort ventilasjonsanlegg i tillegg til det som allereie er i bygget. Egil Erdal fann budsjettdekning for det siste alternativet. Det er vi svært takksame for, understrekar barnehagestyrar Per Inge Seime.