Hentar ryddehjelp frå Tyskland

  Foto: Inge Fænn

Nyhende

I Innvik er tysk arbeidshjelp henta inn til hogstarbeid.

Timeglaset er i ferd med å renne ut om ein skal berge kvaliteten på vindfelt skog etter at Dagmar herja fylket i jula. Frivik taubanedrift i Sogn har leigt inn hjelp frå Tyskland.

Ved spakane ved maskina som er på plass i Innvik, sit 24 år gamle Adel Høllwart. Ho kallar seg bratthengspesialist, og har alt vore fem år i bransjen.