Sirkusteltet på plass til oktoberfesten

  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Eit stort sirkustelt har dukka opp midt i Stryn sentrum.

Til helga blir det fullt av bondepiker, bartemenn og bayersk stemning. Oktoberfest i Stryn feirar i år 5- årsjubileum, og slår på stortromma med innleigd sirkustelt som hovudbase.

- I år har vi større kapasitet og nok plass til folk. Dette blir det største festen i Stryn nokon gong, seier festivalsjef Torstein Breivik for Stryn Ping Pong Club. No er bygda klar for storinnrykk frå alle kantar av landet.

Han fortel at stemninga i Stryn er prega av store forventingar og spenning før helga. Det brakar laust fredag, og held fram med parade, musikk, underhaldning og god stemning utover heile laurdagen.