- Omfattande og svært krevjande arbeid

  Foto: Harald Vartdal

  Foto: Harald Vartdal

Nyhende

Statens vegvesen jobbar for fullt med å sikre den rasutsette Knarrura på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

- Dette er eit omfattande og svært krevjande arbeid, opplyser seksjonsleiar Margot Aase Åsebø til Fjordingen.

Statens vegvesen har leigt inn Betongrenovering AS til å utføre arbeidet i fjellsida der det har gått fleire store ras.

- Jobben omfattar både reinsking, bolting og oppsetjing av nett, seier Åsebø.

- Når vert arbeidet avslutta?

- Det vil nok ta nokre veker til, men nokon dato er uråd å gje i dag, sluttar seksjonsleiaren i Statens vegvesen.