Briksdalsbreen tilbake 534 meter på 16 år

Nyhende

Brefronten i Briksdalsbreen trekte seg tilbake 36 meter frå 2011 til 2012. Sidan 1996, då Briksdalsbreen dekka heile Briksdalsbrevatnet, har fronten trekt seg tilbake heile 534 meter.Det er professor Atle Nesje som opplyser dette etter at han saman med Ruben Briksdal gjennomførte den årlege målinga førre laurdag.

-Sidan brefrontmålingane starta i 1900, har fronten trekt seg tilbake 927 meter. Briksdalsbreen har ikkje vore så liten som i dag sidan 1900, og truleg må vi omlag 1500 år tilbake i tid for å finne han så liten som no, seier Nesje.

Korleis vart målinga praktisk gjennomført?

-Vi måtte ha båt over vatnet for å finne eit fastpunkt der. Vi anla også eit nytt fastpunkt i austenden av vatnet. Frå her målte vi avstanden til isveggen i sjølve brefallet. Denne vart målt til 412 meter. Glipa mellom brefallet og restbreen er blitt større. Også i fjor haust var breen delt. Det vi kunne observere no var eit djupt gjøl i fast fjell mellom hovudbreen og nedre del. Ein kombinasjon med lite is og mykje vatn, har gjort at breen har brotna, seier Nesje.