Front mot front i Holentunnelen

Kollisjonen skjedde i Holentunnelen. 

Nyhende

To personar er sende i ambulanse til sentralsjukehuset i Førde etter ein front mot front-kollisjon i Holentunnelen på fv 60 mellom Olden og Innvik.

Ulukka skjedde kl. 15.55 onsdag ettermiddag, rett på innsida av tunnelopninga på Innvik-sida. Det var ein person i kvar bil, og begge personane skal ha kome seg ut av bilane ved eiga hjelp.

Operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser til Fjordingen at det ikkje skal vere snakk om livstrugande skader på nokre av personane, som begge er i 60-åra.

Fv 60 var sperra i om lag ein time etter ulukka, men vart ved 17-tida opna for trafikk ved manuell dirigering.