Betalte 962.000 kroner for gamle miljøsynder

Stryn kommune måtte betale 982.000 kroenr for få ryddda opp i den gamle avfallsplassen i Innvik. (Foto: Tommy Nilsen) 

Nyhende

I samband med bygging av ny veg til industriområdet Morskogen i Innvik, vart det oppdaga ein gamal søppelplass. Fjerning av avfallet kosta Stryn kommune 962.000 kroner.

Søppelsaka i Innvik skriv seg attende til 2009, då Stryn kommune starta bygging av veg bak Gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Då Stryn formannskap sist torsdag fatta vedtak om å gje nødvendig tilleggsløyving på 144.308 kroner for å få avslutta prosjektet, kom det fram at oppgraving og levering til godkjent deponi hadde kosta 962.000 kroner.

- Under vegbygginga vart det oppdaga ein kommunal avfallsplass som hadde gått i gløymeboka, opplyser Anders Magne Vik (Frp) som var med på handsaming av saka i 2009.

- Rekninga på 962.000 kroner er for lengst betalt og finansiert som del av vegprosjektet, fortel rådmann Per Kristian Storevik til Fjordingen.