Fann ferske jervespor

Andreas Solvik og hunden Sita støytte på ferske jervespor laurdag. (Foto: Inge Fænn) 

Jervespora kom frå aust. Utfrå storleiken har fagfolk anslått at det kan vere ei jervetispe. (Foto: Andreas Solvik) 

Nyhende

Laurdag vart observert ferske jervespor på fjellet Øyenibba (eller Middagsfjellet, som det heiter frå Hornindals-sida) mellom Markane og Hornindal. Det var Andreas Solvik og hunden Siko som kom frampå jervespora.

- Eg har sendt bilde av spora til fleire fagfolk, mellom andre tidlegare rovviltkontakt i Lom, Cristian Vole, og Rein Arne Golf i Lærdal som er rovviltansvarleg i Hordaland og Sogn og Fjordane, seier Solvik.

Begge fagfolka har stadfesta at det er jervespor som er avbilda.

Spora var så ferske at det hadde ikkje kom rim i dei, og hunden markerte rask. Solvik og hundei såg ikkje jerven, men tilbakemeldinga frå fagfolk er at utfrå storleiken på spora kan det vere ei jervetispe som er i området.

Med kaldveret siste veka og lite snø i fjellet har hjorten søkt til fjells. Der er det både mat og solskinn.

- Det var hjortetrakk over alt, og jerven hadde tydelegvis gått på hjortespor. Vi kom fram på spora ovanfor Øyesetra og fylgde dei utover Nibba, fortel Solvik.


Les meir i papiravisa eller pdf-utgåva