- Grensa går i Storelva

Utsnitt frå kart over det aktuelle området. (Kart: Nordfjord Jordskifterett) 

Nyhende

Nordfjord jordskifterett slår i ein dom fast at grensa mellom garden Verlo på den eine sida og gardane Myklebust og Hage på den andre går langs Storelva. Grensetvisten i Utvik har kome opp i samband med avklaring av fallrettane i Storelva.

I følgje domen frå Nordfjord jordskifterett har grunneigarane Lidvin Hage, Rasmus Hage, Per Atle Kjøllesdal og Ingolf Myklebust hevda at grensa ved tvisteområdet Nukeflata ikkje går i elva, men langs eit gjerde på sørvestsida av Storelva, i området ovanfor Myklebuststøylen. Dei fire hevda i retten at gjerdet må ha blitt sett opp slik fordi det var slik partane i si tid oppfatta grensa.

Jordskifteretten er ikkje samd i dette. I retten vart det vist til ulike dokument og skriftleg materiale heilt tilbake til 1500-talet og fram til 1974. Dokument og vitneforklaringar tyder i følgje retten på at gjerdet vart sett opp for at dyr kunne beite heilt fram mot elvekanten og ha fri adgang til ei bru over elva.

Jordskifteretten viser mellom anna til eit forlik i 1928 der det går klart fram at gjerdet var ei praktisk prøveordning og ikkje kunne brukast som bevis for eigedomsforholda. Jordskifteretten kan difor ikkje sjå kva grunnlag dei fire grunneigarane har hatt for å hevde at gjerdet skal vere samsvarande med grensa.

«Det er heller ingenting i desse forlika som tyder på at det har vore tvist om Storelva som grense, men heller om problem som følgje av at dyra kryssa elva», skriv retten.

Retten har difor konkludert med at eigedomsgrensa mellom gnr 157 Verlo på den eine sida og gnr 155 Hage og gnr 156 Myklebust på den andre føl Storelva på heile den omtvista strekninga frå område ovanfor Myklebuststøylen til kommunegrensa.

Saka har mange partar, men i følgje rettsboka nytta berre Roar Verlo og Bjørn Åge Berge advokat.

Fordi dei tapte saka fullt ut, må Lidvin Hage, Rasmus Hage, Per Atle Kjøllesdal og Ingolf Myklebust betale Verlo og Berge sine sakskostnader på 132.207 kroner.