Tapte SFO-kampen

Jofrid Rye Hestenes minna om at kommunen ved nedlegging av Utvik skule gav lovnad på vidareføring av barnehagen og SFO. (Foto: Harald Vartdal) 

Nyhende

Jofrid Rye Hestenes (Sp) kjempa innbitt for å berge SFO på Nordsida, Storesunde og Utvik, men måtte innsjå at tilboda forsvinn frå komande skuleår.

- Det er beklageleg at fleirtalet i kommunestyret vil leggje ned SFO på Nordsida, Storesunde og Utvik, innleia Jofrid Rye Hestenes.

SP-representanten minna om at kommunen ved nedlegging av Utvik skule gav lovnad på vidareføring av barnehagen og skulefritidsordninga.

- For å berge stumpane ber eg om at SFO-tilbodet vert vidareført, oppfordra Jofrid Rye Hestenes. Som på eige initiativ hadde innhenta opplysningar som tilseier at det ikkje er noko særleg å spare på nedlegging av SFO i Utvik.

- Mange foreldre jobbar i Gloppen. Dersom t.d. tre born blir tekne ut av ordninga fordi det vert fire mil ekstra køyring per dag, vil kommunen tape nesten like mykje som noverande ordning kostar, argumenterte Jofrid Rye Hestenes.

Skule- og kultursjef Arne B. Berge avviste at SFO-ordninga i Utvik er eit nullsum-spel.