Heimlund feirar 100 år

Heimlund er 100 år og det skal ferirast. (Foto: Harald Vartdal) 

Nyhende

Ungdomshuset Heimlund i Innvik har 100-årsjubileum i år, og 3. juledag skal jubileet markerast i det ærverdige ungdomshuset. Jubileumsfeiringa startar med lyd og bilde gjennom 100 år både frå Heimlund og bygda elles. Deretter blir song av Vikane blandakor før det blir middag med påfølgande kaffi og jubileumskake. Vestavind syter for dansemusikken jubileumskvelden.