Gjennomslag i neste veke

Agjeldstunnelen får sitt gjennomslag i midten av neste veke. (Foto: Harald Vartdal)  

Nyhende

Den 930 meter lange Agjeldstunnelen på fv 60 Olden - Innvik får gjennomslag i midten av neste veke.  Det opplyser seksjonsleiar Margot Aase Åsebø i Statens vegvesen.

Måndag 3. september fyrte ordførar Sven Flo av første salva i Agjeldstunnelen. Etter den tid har det vore jobba kontinuerleg med tunnelen som når han vert opna i september 2014, eliminerer den smale og dårlege strekninga forbi Svartehola.