Planlegg 850 meter gang- og sykkelveg i Hildastranda

Planprosessen skal leggje til rette for bygging av 850 meter gang- og sykkelveg langs fv 60 Hildastranda . Innvik sentrum. (Foto: Geir-Ståle Vatnamo) 

Nyhende

Stryn kmmune har varsla oppstart på arbeidet med å detaljregulere 850 meter gang- og sykkelveg langs fv 60 Hildastranda - Innvik sentrum.

Prosjektet ligg inne i fylkeskommunen sitt handlingsprogram 2010 - 2013, og står oppført med kostnad på 11 millionar korner i perioden 2014-2019.

- Det betyr at oppstart tidlegast kan skje i2014, opplyser prosjektbestillar Bjarne Sandal til Fjordingen.

Planprosessen vart innleia med Stryn kommune sitt varsel om at arbeidet er i gang. Innan 6. februar vert det høve til å gje innspel til planarbeidet. Deretter vil Statens vegvesen utarbeide eit framframlegg, ei detaljregulering som mellom anna viser gang- og sykkelvegen si plassering i høve til fyleksvegen og planlegging av avkøyrsler til og frå eigedomar langs strekninga. Dette planforslaget skal ut på offentleg ettersyn i seks veker. Kva marknader som kjem inn, avgjer om planen må ut på nytt offentleg ettersyn, eller kan godkjennast. Frå kommunen si side er det eit uttalt mål at planen skal bli godkjent i løpet av haustn 2013.

Planområdet er på ca 29 dekar og inkluderer busslommer nord for Vagstadbygget i Innvik sentrum.