Gjennomslag i dag klokka 17

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp ved innslaget til Agjeldstunnelen. (FOto: Ole Kristian Åset) 

Nyhende

I dag klokka 17.00 blir det gjennomslag i den ca 900 meter lange Agjeldstunnelen på fylkesveg 60 Olden - Innvik.

Politisk leiing i Stryn kommune, Ole Ingar Hæreid frå samferdsleavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune og representantar frå leiinga i Statens vegvesen vil vere til stades under markeringa.

- Tunneldrivinga i Agjeldstunnelen har gått raskare enn forventa, og entreprenør NCC har hatt ei framdrift på 50 til 60 meter i veka. Gjennomslaget kjem 14 dagar tidlegare enn forventa, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.