Gjennomslag i Agjeldstunnelen

Ordførar Sven Flo t.v. og prosjektleiar Jon Harald Huseklepp smiler nøgde etter gjennomslaget i Agjeldstunnelen. (Foto: Inge Fænn) 

Nyhende

Like før kl 17.00 var det gjennomslag i Agjeldstunnelen  på den mykje omtalte fylkesveg 60 Olden – Innvik.  1. september neste år er vegen gjennom Svarthola historie.

- Ditta va’ godlåt, var kommentaren frå ordførar Sven Flo i det lyden frå siste salva kom som ei bylgje i røyk gjennom tunnelopninga  på vestsida. Ordføraren vil no arbeide aktivt for at arbeidet kan gå vidare utan stogg gjennom Vangbergtunnelen og til Skarstein.


Les meir om tunnelgjennomslaget i papirutgåva fredag