Ankar grensetvist i Utvik

Kart over området for grensetvisten i Utvik. 

Nyhende

Fire grunneigarar i Utvik ankar domen frå Nordfjord jordskifterett inn for lagmannsretten. Domen slo fast at grensa mellom garden på Verlo på den eine sida og gardane Hage og Myklebust på den andre går langs Storelva.

Grensetvisten i Utvik har pågått over lengre tid, og har i følgje domen frå jordskifteretten kome opp i samband med avklaring om fallrettane i Storelva. I jordskifteretten hevda grunneigarane Lidvin Hage, Rasmus Hage, Per Atle Kjøllesdal og Ingolf Myklebust at grensa ved tvisteområdet Nukeflata ikkje går i elva, men langs eit gjerde på sørvestsida av Storelva, i området ovanfor Myklebuststøylen. Jordskifteretten er ikkje samd i dette, og viste til dokument og skriftleg materiale tilbake til 1500-talet og fram til 1974.

Advokat Jan Nikolay Hvidsten stadfestar overfor Fjordingen at han representerer dei fire grunneigaranme som tapte i jordskifteretten.

-Mine klientar meiner det er haldepunkt for at at grensa føl Storelva til Tortnegjølet, og deretter føl gjølet til kommunegrensa. Eg kan dermed stadfesta at vi har anka domen frå jordskifteretten inn for Gulating lagmannsrett, seier Hvidsten.