- Eg skal skrive til eg stuper. Eg skal også skrive meir og betre, for evna til å forbetre seg tek ikkje slutt sjølv om ein rundar sytti.

Det sa Jon Tvinnereim (76) då han laurdag tok i mot målprisen til Sunnmøre Mållag i Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta.

Body:

Jon Tvinnereim er opphavleg frå Randabygda og bur no i Volda. I heile sitt yrkesaktive liv har han vore knytt til høgskule- og forskingsmiljøet i Volda. Han har publisert ei rekkje bøker og artiklar, og har vore og er ein omtykt talar.

Folkeleg

- Språket til Jon er variert, presist og samstundes folkeleg. Her har mange akademikarar, både lokalt og nasjonalt, mykje å lære. Som språklege førebilete nemner han historikaren Sverre Steen og Aasen-kjennaren Reidar Djupedal frå Selje – begge framifrå stilistar, heiter det i målprisnemnda si grunngjeving for målprisen.

- Det må òg nemnast at Jon Tvinnereim – som ein av dei mest omtykte folketalarane på våre kantar – er ein god ambassadør for nynorsk i munnleg framføring. Som talar er Jon engasjert, med tydeleg uttale og høveleg taletempo. Nynorsken hans er normert, men slik at det likevel skin gjennom at det er ein innvandrar frå Nordfjord som står på talarstolen, heiter det vidare.

Nordfjord

Tvinnereim har engasjert seg i sogeskriving lokalt. I Nordfjord har han i nyare tid vore redaktør i Årbok for Stryn Historielag (2008– 12). I desse årsskrifta, årbøkene og andre tidsskrift (særleg Årbok for Nordfjord) har Jon gjennom fire-fem tiår skrive mange titals artiklar om skiftande emne, særleg innanfor lokalhistorie.Ein gammal draum for Jon Tvinnereim har vore å få i stand ei Nordfjord-soge. Men planane frå 1970-åra let seg ikkje realisere. No har ideane fått ei anna retning, og saman med Torkjell Djupedal (i Selja Forlag) og Sverre Folkestad (formann i Nordfjord Sogelag) tek han sikte på å få ut Nordfjord – kulturhistorisk vegvisar i 2015.

Under prisutdelinga laurdag kommenterte leiaren i målprisnemnda, Terje Aarset, Tvinnereim sitt arbeid som artikkelforfattar.

- Eg vil nemne artikkelen om Veslehuset i Årboka for Nordfjord frå 2010. Den er, for å bruke eit moderne uttrykk, dritbra sa Aarset.

Tvinnereim er ein glad og stolt målprisvinnar.

-  Det kjennest noko uverkeleg, men eg tek det som ein inspirasjon til vidare arbeid, seier prisvinnaren.