Vil sikre kulturskattane

Steinar Hilde forklarer ordførar Sven Flo korleis utstyret fungerer .(Foto: Inge Fænn) 

Nyhende

Interessa har eksplodert for Digitalisering AS i Innvik. Steinar Hilde har investert i nytt, moderne utstyr frå Texas. Utstyret er spesiallaga for å sikre kulturskattane i gamle filmopptak.

- Eg har investert fram mot ein million i min eigen arbeidsplass, og det stoppar nok ikkje med dette, seier Hilde og viser ordførar Sven Flo rundt i det som ein gong var fjøs, før eigaren tok steget inn i felleskapet med Hilde fellesfjøs.

Det mest vanlege er vel å setje kalvar inn i gamlefjøsen, men for meg vart det digitalisering. Det skaper ikkje høysnue og asmaproblem, smiler Hilde og er tydeleg litt stolt av det han har fått til.

Imponert er også ordføraren, som kombinerte firmabesøk og levering av sine 8mm filmar til digitalisering.

- Eg hadde ikkje i min villaste fantasi trudd at det var slik. Her er ein arbeidsplass som tilbyr tenester langt utover Stryn kommune sine grenser. Det krev både kompetanse og vilje til investering for å få til noko slikt, seier Flo som meiner at dette kan får mykje å seie for Stryn kommune.

- Dersom folk bles støv av alt dei har liggande av filmar og gamle videoopptak, kan det bli ein kulturskatt for kommunen, og ein viktig dokumentasjon for framtidig bygdebokarbeid, meiner ordføraren.

Det var i februar i fjor at Steinar Hilde tok spranget for hobby og aksjeselskap, og i dag femner kundekrinsen heile Norge. Folk kjem med mykje god lokalhistorie, og også gjenstandar som skal få plass i eit framtidig museum. Han har kjøpt lys og videoredigeringsutstyret til Tor Erik Gunnstrøm som er mest kjend frå Dizzy Tunes. Det er utstyr både til nytte og framtidig museum.

Steinar Hilde boblar av idear, og grunnpilaren i det heile er eit ynskje om å ta vare på gamle analoge opptak før det er for seint. For seint er det nemleg den dagen ingen kan fortelle kvar opptaka er i frå, og kven som er med på opptaka.