Sprang sitt 444. maraton på 4.44,44

Inge Asbjørn Haugen sprang sitt 444. maratonløp på tida 4.44.44. (Foto: Bjørn Hytjanstorp) 

Nyhende

Då Inge Asbjørn Haugen frå Hornindal IL sprang Påskemaraton i Drammen i går, var det hans 444. maratonløp og han gjennomførte på tida 4.44,44.

Etter datoen å døme var det nærliggande å tru at det var ein spøk. Men i listene stårt det svart på kvitt: Inge Asbjørn Haugen, Hornindal IL, løp nr. 444, tid 4.44,44.

- Eg er oppteken av tal og såg at eg ikkje kunne la denne sjansen gå frå meg. Men eg måtte halde litt igjen på slutten for at det skulle gå akkurat, seier Inge Asbjørn Haugen.

Han hadde før løpet snudd det utdelte startnummeret og skrive på nytt nummer for hand, slik at han også kunne springe med nummer 444 på brystet.

- Ein kamerat av meg påpeika at det burde vore den 4/4, men det var altså den 1/4, seier han.

- Og du burde blitt nummer 44?

- Ja, men det gjekk diverre ikkje, seier Haugen, som kom i mål som nummer 37.