SINTEF reknar indre E39 som best

- Dei nye tala gjer at botnen har ramla ut av KS1-rapporten og konklusjonen om E39 i midtre, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS. (Foto: Bengt Flaten) 

Nyhende

Utrekningar SINTEF har gjort for Vegdirektoratet og nye føresetnader for samfunnsøkonomiske analyser konkluderer med at E39 langs indre linje har størst samfunnsnytte.

- Regjeringa i samråd med Finansdepartementet har bestemt seg for å auke analyseperioden frå 25 til 40 år og operere med fire prosent kalkulasjonsrente for nye veganlegg. Dette vart klart i februar men er offentleggjort no i samband med Nasjonal Transportplan, og synleggjer at indre linje for E39 kjem betre ut enn midtre både med tanke på netto nytteverdi og netto nytte pr. budsjettkrone. KS1-rapporten som tilhengjarane av midtre linje har vist til opererte med 2 prosent rente og 40 års analyseperiode. Med denne føresetnaden kom midtre best ut. Med den malen regjeringa no har lagt seg på, har botnen ramla ut av KS1-rapporten, seier Svein Sunde i Gode Vegar AS og Sven Flo, ordførar i Stryn.

Statens vegvesen seier at dei nye berekningane byggjer opp under deira anbefaling om å gå vidare med linja langs indre, det vi seie tunnel gjennom Utvikfjellet, fjordkryssing i Stryn og vidare til Volda via Kvivsvegen.

- Dersom statsråd Liv Signe Navarsete vil leggje E39 gjennom midtre for ikkje å tape veljarar i Gloppen og Eid, bør ho vurdere kor mange veljarar ho tapar mellom Skei og Vadheim. Midtre linje og fjordkryssing ved Folkestad samt tunnel under Utvikfjellet som uansett må kome, vil koste samfunnet fem milliardar meir enn ved å velje E39 langs indre linje. Desse pengane må nødvendigvis gå ut over E39 sør for Skei. Det er kan hende nokre veljarar også i dette området Sp bør ta omsyn til, seier Sunde.

Ordførar Sven Flo meiner realitetane no er så klare at avgjerda om E39 med fjordkryssing i Stryn må kome relativt raskt. – Dei nye tala styrkjer det indre alternativet klart, seier Flo.