- Mobilane har knapt vore stille etter eksplosjonen

- Mobilane har knapt vore stille sidan nyheita om eksplosjonen rakk heim til Norge, seier Bente Osnes, Anita Røyrvik og Kristin Vedøy Drageset.  

Politisperringar prega gatene etter eksplosjonen. (Foto: Bente Osnes)  

- Trikkane har stått i lange rekkjer, fortel Bente Osnes. (Foto: Bente Osnes) 

Nyhende

Vikane Blandakor frå Innvik og Utvik kom nær innpå den kraftige gasseksplosjonen i Praha i dag tidleg.

- Vi bur på eit hotell omlag 200 m i luftlinje frå eksplosjonsstaden. Men eksplosjonen skjedde under frukosten, så ingen av oss var ute i gata. Så alt er vel med oss alle, forsikrar kormedlem Jofrid Rye Hestenes.

Brannvesenet i Praha medlte i ettermiddag at i alle fall 40 personar vart skadde i eksplosjonen, og minst tre er meldt omkomne. Fleire bygningar vart også evakuerte, melder NRK. 

- Dagens eksplosjon har naturleg nok vore sterkt i fokus. Vi har høyrt sirener frå både politi og ambulansar utover dagen. Det har vore politisperringar, og trikkane har stått i lange rekkjer. No i halv fire-tida kan det verke for at det roar seg, seier leiar for Vikane Blandakor, Bente Osnes, som også fortel NRK at trykket frå eksplosjonen var så kraftig at vindauga i hotellet deira opna seg.

Naturleg nok har slekt og vener heime i Norge vore engstelege då eksplosjonen vart kjent.

- Mobilane har knapt vore stille sidan nyheita om eksplosjonen rakk heim til Norge. Alle medlemmane våre er i god behald og stemninga er, tross alt, upåklageleg, seier Bente Osnes.

Ho seier koret sitt program vil gå som normalt.

- Det er ingen endring i planane. I kveld blir det tjekkisk aften. Det ser òg ut til at tsjekkarane er prega, men at kvardagen byrjar å gå som normalt, seier Bente Osnes.