Mista lappen i Innvik

Ein mann i 50-åra mista førarkortet etter å ha passert laserkontroll i 93 km/t i 60-sona i Innvik. (Foto: Bengt Flaten) 

Nyhende

Ein mann i 50-åra må rekne med å vere fotgjengar dei neste månadene etter å ha blitt stogga i strynepolitiet sin laserkontroll i Innvik tysdag ettermiddag. Mannen vart målt til 93 km/t i 60-sona.

Politiet flytta seg deretter til 50-sona ved Visnes i Stryn der dei heldt kombinert farts- og promillekontroll. Ingen bilistar vart stoppa for å ha køyrd for fort, og alle 40 som vart kontrollerte for promille vart ønska god tur vidare.