150 såg "Innvikfilm 1"

Steinar Hilde har samla inn og redigert "Innvikfilm 1" som samla 150 menneske i Heimlund 17. mai. (Foto: Inge Fænn) 

Nyhende

150 menneske  såg "Innvikfilm 1" på 17. mai i Heimlund. Dermed var det fullt hus for ei framsyning som gjorde sterkt inntrykk. Halvparten av billettinntektene gjekk til Heimlund. Konferansier under framsyninga var Dag Vanberg.

Det er Steinar Hilde som har stått for innsamlinga av filmmaterialet og redigeringa.

-Blir det ein oppfølgjar snart?

-Det blir opp til folket eller publikum om dei har materiale som kan brukast. Det er vanskeleg å gå på dørene å spørje også, seier Hilde som ber om at andre kommenterer filmen.

Magne Dragesæt er ein av bidragsytarane. Han hadde filma både den tragiske brannen på Langvin og elles frå dagleglivet på -70-talet , og han meiner Hilde har gjort ein god jobb:

-Her hadde vi først stillbilete før vi fekk ein stor bolk frå Langvin den første tida skulen var i drift. Dei var flinke til å ta opp 16 mm stumfilm. Så fylgde kvardagsliv, badeliv m.m. opptak frå bygging av den nye ullvarefabrikken og ein liten seksjon av maskinane i drift på gamlefabrikken. Vi fekk også oppleve eit brurefølgje, og Wald P. Skåden hadde filma då gamle fabrikkpipa vart skote sund. Dette for å nemne noko. Det siste med pipa var ein filmsnutt Hilde hadde fått frå Steinar Vollan i Stryn.

-Personleg er eg glad for at Hilde fekk lagt inn ein del av det gamle slåttematerialet frå Innvik som bakgrunnsmusikk, seier Dragesæt.