Ivar på tandem frå Paris til Nice

Ivar og mamma Anne på ein av sine treningsturar på tandemsykkelen.(Foto:Privat). 

Nyhende

Ivar Ulvedal har dei siste åra hevda seg godt i skisporet, mellom anna med gullmedaljar i Special Olympics Winter Games. No er han teken ut til ein heilt spesiell sykkeltur, som skal setje fokus på funksjonshemma og fysisk aktivitet.

Det er organisasjonen Special Olympics som står bak sykkelturen som skal gå frå Paris og til kystbyen Nice. Strekninga på ca 700 km skal gjerast unna på seks dagar, og frå Norge er det ti personar som stiller. Målet er at 100 personar frå heile Europa vil delta på turen som finn stad i månadsskifte september-oktober. Ivar Ulvedal er altså ein av dei ti som skal representere Norge. Han skal sykle på tandemsykkel og er godt i gong med treninga.

Treng lokale sponsorar

I tillegg til å setje fokus på funksjonshemma og trening er målet med turen å samle inn kjærkomne pengar til organisasjonen. Håpet er at kvar deltakar skal klare å reise 50.000 kroner. Litt av desse pengane går til faktiske utgifter knytt til turen, som reise og opphald, men mesteparten skal gå til Special Olympics sitt arbeid for tilrettelegging av idrett for utøvarar med funksjonshemming.

- No håpar vi at lokale bedrifter ser verdien i det Ivar driv med. Eg meiner han er ein pioner for dei funksjonshemma, og motiverer andre gjennom sine flotte prestasjonar, seier Anne.