UP tok to førarkort

Politiet beslagla to førarkort på grunn av høg fart tysdag. (Illustrasjonsfoto: Bengt Flaten) 

Nyhende

To bilførarar må rekne med å vere fotgjengarar ei stund etter å ha blitt tekne av UP tysdag. I 80-sona i Innvik vart ein mann i slutten av tenåra teken i 124 km/t i 80-sona tysdag ettermiddag. Føraren hadde førarkort på prøve og må ta full førarprøve dersom han vil ha tilbake førarkortet.

Tysdag kveld hadde UP fartskontroll i Kvivstunnelen. Ein mann i 20-åra fekk førarkortet beslaglagt på staden etter å ha passert laseren i 137 km/t. Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt opplyser til Sunnmørsposten at den unge føraren er heimehøyrande i Herøy.

Grensa for å miste førarkortet i ei 80-sone er 116 km/t.