Kallar inn til ekstraordinært kommunestyremøte

På bakgrunn av det som kom fram på informasjonsmøtet i Innvik, kallar ordførar Sven Flo inn til ekstraordinært kommunestyremøte. (Foto: Harald Vardal) 

Nyhende

Ordførar Sven Flo har kalla Stryn kommunestyre inn til ekstraordinært møte torsdag 13. juni for å drøfte saka om asylmottak i Innvik og Loen.

- På bakgrunn av mogeleg etablering av asylmottak i Stryn kommune, er det behov for ein uttale frå politisk hald før saka skal handsamast i UDI den 21. juni, opplyser Flo.

Ordføraren bestemte seg for å kalle inn kommunestyret etter det som kom fram på informasjonsmøtet i Innvik måndag kveld.

- Det vart der signalisert ein stor grad av motstand og skepsis til etablering av desentralisert asylmottak i Stryn kommune. Det går i hovudsak på korte tidsfristar, etablering allereie 1. august, antal bebuarar i små bygder og mangel på demokratiske prosessar. Dette er ting som vil bli teke opp med kommunestyret,  seier Sven Flo.