Motorsyklist skadd mellom Olden og Innvik

Motorsyklisten køyrde av vegen rett utanfor tunnelen etter først å ha treft ein bil. (Foto: Bengt Flaten) 

Nyhende

Politiet mottok litt etter klokka 16 fredag ettermiddag melding om ei trafikkulukke der ein tysk motorsyklist hadde kollidert med ein norskregistrert personbil ved Vanbergstunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Ambulanse, brann og politi rykte ut til staden.  Føraren av motorsykkelen, ein mann i slutten av 50-åra, vart lettare skadd i ulukka og vart send til Førde sentralsjukehus i ambulanse.

Motorsyklisten som var på veg i retning Olden køyrde utfor vegen og inn i fjellveggen etter samanstøyten med personbilen. Mannen køyrde i følgje med ein annan motorsyklist, opplyser politibetjent Tor Egedahl til Fjordingen.