Over 170 fullførte Nordfjordrittet

Jan Ove Standal sjokkopna frå Lote og sykla i einsam majestet heilt til han hadde passert Loen. Her like vest for Blaksettunnelen. (Foto: Ove Sveen) 

-Nordfjordrittet vart suksess, seier rittleiar Dag Arne Eide som skryter av vaktjobben til Stryn sykkelklubb. (Foto: Ove Sveen) 

Nyhende

Over 170 syklistar fullførte det knalltøffe Nordfjordrittet på sykkel frå Lote til Vereide om panoramavegen på nordsida av fjorden laurdag.  Helge Wangberg frå Førde Sykkelklubb vann herreklassen på tida 3,45,27 knepent føre Joachim Olsvik frå Ålesund og Jan Ove Standal frå Stryn Sykkelklubb.

Standal, som tidlegare sykla for Ålesund Sykkelklubb, sette i gong i eit enormt tempo i brattene opp mot Kvalen, og i Stryn leia han med over to minutt til hovudfeltet. Han vart teken inn og hengde seg på feltet til ein sterk tredjeplass, 24 sekund bak vinnaren.

Dameklassen vart vunne av Sissel Vien frå klasse 50 +. Janne Bruhn-Henriksen frå Stryn Sykkelklubb tok, med tanke på Trondheim-Oslo seinare, ikkje ut alle kreftene og hamna på 3. plass i den omlag 130 kilometer løypa med i alt 2.000 høgdemeter.

-Eit par uhell vart registrert, men ikkje alvorlege. Derimot var det nok fleire som overvurderte styrken sin og braut rittet. Nordfjordrittet vart stor suksess som freistar til gjentaking. Ei stor takk til alle som hjalp til med vakthaldet frå Stryn Sykkelklubb. Dei gjorde jobben framifrå i sin del av løypa, seier rittleiar Dag Arne Eide i Eidsfossen Sykkelklubb.