Norges verste veg i lang tid framover

Skiltet som varslar Norges verste veg, kan bli ståande mykje lenger enn det som har vore venta. (Foto: Harald Vartdal) 

Nyhende

Det kan kome til å gå år og dag før arbeidet på siste parsellen på fylkesveg 60 Olden - Innvik blir påbegynt. Slik det ser ut i fylkesrådmannen sitt høyringsutkast til Regional tranportplan 2014 - 2023, finst det ikkjke pengar til store investeringsprosjekt på fylkesvegnettet dei næraste ti åra.

Dermed ser det mørkt ut både for fullføringa av Olden - Innvik, fylkesveg 60 i Hornindal og Kystvegen, som det har vore fokusert mykje på. Når arbeidet med Agjeldstunnelen og tilstøytande paresellar er fullførte hausten 2014, er det slutt på pengane. Parselllen Ugla - Skarstein vil då stå att på det som har vorte kåra som Norges verste veg.

Heller ikkje til vedlikehald av eksisterande fylkesvegnett, er det nok pengar. Ifølgje høyringsutkastet vil det vere ein manko på 50-55 millionar kroner årleg for å hindre forfallet på fylkesvegane i Sogn og Fjordane. Med andre ord vil forfallet auke dei komande åra.