Eksplosiv auke for nasjonalparksenteret

Jostedalsbreen Nasjonaparksenter opplever ein eksplosiv auke i besøks- og bookingtal jubileumsåret. (Foto: Arild Solberg) 

Nyhende

Fredag feirar Jostedalsbreen Nasjonalparksenter 20 år med statsråd Liv Signe Navarsete (KRD), statssekretær Ellen Øseth (MD), miljøpolitiske talsmenn frå partia på Stortinget, fylkesmannen og fylkesordføraren til stades.

- Hovedprogrammet for jubileet er politisk miljødebatt framfor valet til hausten, og ein open klimadebatt. Ordførar Sven Flo i Stryn leiar debattane, fortel dagleg leiar ved Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Anne Kjos-Wenjum Armas.

Nasjonalparksenteret har hatt ein eksplosiv auke i omsetninga for mai, og bookinga for den vidare sesongen lovar også svært godt. Senteret har investert millionar i mellom anna ny vinterisolert restaurant, nytt parkanlegg med lavvo og badestampar, friluftsgrue med undervisning og servering, og paviljong.

- I ein av pakkane senteret sel som inkluderer omvisning, film og lunsj, har bookinga gått opp frå 100 bussgrupper i fjor til 400 bussgrupper i år. I tillegg kjem kaffigrupper og særskilt servering ved arrangement, fortel Anne Kjos-Wenjum Armas.

Nasjonalparksenteret i Stryn tredobla omsetninga i mai og forventar å auke besøket til senteret til kring 75.000 gjester i år, og vil vere det desidert største nasjonalparksenteret i landet.

Dagleg leiar fortel at interessa for 2014 er enormt høg.

- Senteret har siste året utvikla eit heilheitsprodukt der oppleving, personleg formidling og god mat utgjer basisen på senteret. Vi har innandørs aktivitetar med film og utstilling, men har valgt å utvikle konseptet med opbygging av nye aktivitetar i parkanlegget, seier ho.

Senteret er inne med nye marknader i år med både turoperatørar frå Japan, Kina og Korea og får veldig gode tilbakemeldingar. I tillegg har det vore veldig godt besøk av lokale gjester dette året. I den nybygde lavvoen serverer syngjande, lokale servitørar.

- Senterleiinga vurderer den personlege formidlinga høgt og ved den nye frilufstgrua i hagen sit biologistudentar ved matbålet med 10 liters kaffikanner, matservering, overraskingar for borna og driv formidling om norske friluftstradisjonar, korleis bygge eit matbål og rett og slett snakkar med dei besøkande om naturfaglege spørsmål, fortel Anne Kjos-Wenjum Armas.