Vinnarvilje frå Vikane

G-11 laget til Vikane gjer det godt både i turneringar og serien. Framme frå venstre: Yohanns Kflesus, Elias Hammer Bergh, Bjørnar Lyslo, Krstoffer Årdal og trenar Asle Nesdal. Bak frå venstre: Remi Frøholm, Håkon Hammer Bergh, Steffen Reme, Bjørnar Skåden, Einar Skogen og Sondre Aarreberg. (Foto: Privat) 

Nyhende

Vikane sitt gutar 11-lag i fotball gjer reint bord både i serien og i cupturneringar. I sist helg gjekk dei gjennom Vossacup med fire triumfar. I den første kampen laurdag møtte Vikane Sogndal City og vann 3-0. Deretter vart det kalassiger med 8-0 over Askøy Azur. Då var det heilt fortent med grillfest for laget. Søndag klinka Vikane til med 6-1 over Sædalen Slange 1 før dei avslutta med 1-0 over Gneist Lion. Den siste motstandaren var eit skikkeleg godt bydelslag frå Bergen. Dermed stod det 18-1 i målskilnad til Vikane.

- Ein utruleg treningsvilleg gjeng. Dei har trena godt gjennom heile vinteren og har delteke i fleire turneringar. Fleire var også med å trena med Fotballakademiet i Florø to dagar i påska. Det var typisk at dei etter heimkomst søndag straks var ute på skulebana. Etter åtte kampar i serien heime, står laget med full poengpott, seier Espen Aarreberg.

Han deler den administrative jobben rundt laget med Kurt Årdal og rosar trenaren Asle Nesdal for framgangen:

- Han har trena laget gjennom vinteren, og fått system på sakene. Dette saman med at den nye kunstgrasbana på skuleplassen blir flittig brukt, forklarer mykje av suksessen, seier Aarreberg.