SACCO-sekk frå Innvik skal profilere Geiranger

Sacco-sekkane frå Sacco of Norway i Innvik har motiv av Gaute Gneis.(Foto: Merete Løvoll Rønneberg). 

Nyhende

SACCO of Norway i Innvik har i fellesskap med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv utvikla ein eigen SACCO-sekk knytt til barnekonseptet "Fjordheimen".

Sekkane har motiv av figuren Gaute Gneis, som er hovudperson i barneboka om bergartane i verdsarvområdet. Gneisen er fylkessteinen til Møre og Romsdal.

Sekkane er produsert i Innvik, og skal i første omgang seljast ved Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Det er Berit Barlaup frå Artdesign i Molde som har gjort det grafiske arbeidet.