Wyatt vann Skåla Opp

Jonathan Wyatt passerer her 1.000 m.o.h.. På dette tidspunktet låg han som nummer to etter Ahmet Arslan. (Foto: Roy Aron Myklebust). 

Ahmet Arslan fekk det tungt mot slutten og vart til slutt slegen med over to minuttar av Wyatt. ( Foto: Roy Aron Myklebust). 

Nyhende

Det såg lenge ut som Ahmet Arslan skulle kopiere fjoråret. Ved passering Skålavatnet leia Arslan med 42 sekundar på Jonathan Wyatt frå New Zealand.

Men noko må ha skjedd på dei siste 2 kilometerane frå skaret og opp til toppen. Wyatt henta inn att løyperekordhaldar Ahmet Arslan, og parkerte tyrkaren med over to minutt. Wyatt brukte 1.09.39 til toppen. Det vart såleis ingen ny løyperekord, då den gamle lyd på sterke 1.07.06.

På tredjeplass og med ny personleg rekord kom beste nordmann, Thorbjørn Thorsen Ludvigsen. Han kom i mål berre seks sekundar bak Arslan på tida 1.11.55, og forbetra si bestenotering med godt over minuttet.

Blant kvinnene var det Inger Liv Bjerkreim Nilsen frå Lillehammer som nådde Skåla først. Ho vann på tida 1.23.40 og var litt over minuttet raskare enn May Britt Buer.

Av lokale deltakarar bit vi oss særleg merke i den unge honndølen Rasmus Haugen sin prestasjon i klassen 15-17 år. Han vann på tida 1.23.35. Ei tid som fører han langt opp på resultatlista uansett klasse.

Omlag 1800 fullførde konkurranse- og trimklassen.