Navarsete opnar luftig hengebru

Laurdag vil kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete opne Gjølmunnebrua inne i Via Ferrata i Loen. (Foto: Loen Active) 

Nyhende

Kommunal- og regionalminsiter Liv Signe Navarsete har takka ja til den særs luftige jobben å opne den 120 meter lange hengebrua som går inne i Via Ferrata Loen på 700 meters høgde over havet. Gjølmunnebrua vert offisielt opna førstkomande laurdag, med Loen Active og Hotel Alexandra som vertskap, fortel Erik Brendefur. Brua skal vere den lengste via ferrata brua i Europa, heng 160 meter over juvet og vert ein av to alternative ruter opp mot toppen av den populære og spektakulære klatreruta i Loen.