Vil investere 60 millionar i Utvik

- Det meste av bygningsmassen på den tidlegare Dooria-eigedomen skal rivast og erstattast med 3.500 kvm. nybygg, opplyser Gunnar Skarstein. (Foto: Harald Vartdal) 

Nyhende

Stryn Betongelement AS og Stryn Betong AS har planar om å investere 60 millionar kroner på den tidlegare Dooria-eiegdomen i Utvik.

- Dersom alt går etter planen, er det håp om å kunne starte opp med ca 20 tilsette etter sommarferien neste år, seier dagleg leiar Gunnar Skarstein tll Fjordingen.

Bakgrunnen for satsinga i Utvik, er at verksemda har vakse ut av noverande anlegg.

- Vi kjem til å halde fram med blandeverk og meir spesialisert produksjon i Lovik, fortel Skarstein.

Stryn kommune har vore aktivt med i prosessen heilt sidan Dooria avvikla sin produksjon i Utvik. Ordførar Sven Flo blir også med når Stryn Betongelement og Stryn Betong skal i møte med Innovasjon Norge.

- Dette er ei veldig viktig sak for Utvik og Stryn kommune, understrekar Sven Flo.