"Sirkus oktoberfest" er i by'n

Teltsjef, Benny Hammer, kan snart opne teltdukane for publikum under Oktoberfesten. 

Teltet der det heile byrja: I tillegg til sirkusteltet har dei i år også med teltet som husa dei første oktoberfestane. No har det funksjon som avlastingstelt. 

Even Nesje (t.v.) og Benny Hammer ved kabeltromlane som skal fungere som bord inne i teltet. 

Nyhende

Sirkusteltet er kome opp og hausten sitt store høgdepunkt for mange byrjar å prege sentrumsbildet.

- Vi var 20-30 personar i sving med rigging store deler av både laurdagen og søndagen, fortel teltsjef Benny Hammer. Framleis er det litt jobb att med både scene og innreiing med bord og benkar. Det er lagt opp til 700 sitjeplassar. Blåsten som var natt til måndag framkalla litt bekymring.

- Ja, det var litt tak i vinden ei stund, så det enda faktisk med at eg og Åge Rustøen heiv oss i kleda og tok turen ned hit halv tre natt til måndag. Men alt var greit heldigvis, seier Hammer.

I år er det i tillegg eit større telt på Per Bolstad plass med kapasitet til omlag 300 personar. Dette er tenkt som eit avlastingstelt der dei som føler for det kan trekkje seg litt tilbake.

Sjå sirkusteltet bli reist på 1 minutt..