- Eldre må få god, sunn og velduftande mat

Rådsleiar Harald Ekroll går sterkt inn for at kommunen rustar opp det 40 år gamle kjøkkenet på Vikane omsorgssenter, slik at kjøkkensjef Egil Westvik og hans stab også i framtida skal kunne produsere god, sunn og velduftande mat. (Foto: Harald Vartdal) 

Nyhende

Rådet for eldre og personar med nedsett funksjonsevne ber Stryn kommune starte prosessen for å få utbetra kjøkkenet på Vikane omsorgssenter.

- Etter 40 år utan større utbetringar, er det på høg tid at kjøkkenet vert rusta opp til dagens standard. Det er viktig at Vikane omsorgssenter også i framtida har høve til å produsere god, sunn og velduftande mat til bebuarar og folk som får levert mat frå institusjonen, seier rådsleiar Harald Ekroll til Fjordingen.