Planlegg hovedlandsrenn for 1.000 deltakarar

Hovudkomiteen for Hovedlandsrennet 2013. Frå venstre: Kari Tonning, Monica Halsteinslid, Margun Hjelmeset, Inge Fænn (leiar), Alf Ole Arntsen, Halgeir Nygård, Klemet Bø, Sigb jørn Fænn og Antonia Karete Haugen Kongsvik. (Foto: Ove Sveen) 

Nyhende

Hovudkomiteen i Markane IL for Hovedlandsrennet 2014 på Ullsheim og Fjelli er i gong med planlegginga. Dette er eit kjempearrangement for 15- og 16-åringar med konkurransar i langrenn, hopp, kombinert og skicross. På Savalen i vinter deltok omlag 1.000.

Markane IL står som arrangør for heile meisterskapen. Det vil seie at tenester vert kjøpt inn frå Veten IL for å kunne avvikle hopp og kombinert.

-Skicross er nytt for oss, men vi får god oppfølgjing frå Skiforbundet. Allereie komande onsdag får vi besøk frå forbundet der fleire ting vert drøfta, seier leiar i hovudkomiteen, Inge Fænn.

Hovedlandsrennet skal arrangerast i tida 28. februar til 2. mars neste år.