Femti tusen til skulemusikken

Vikane skulemusikk, her i samband med llokalpremiera til Jul i Flåklypa. (Foto: Stryn kulturhus) 

Nyhende

Vikane skulemusikk kan gle seg til både nye instrument, aktivitetar og tur etter at dei har motteke 50.000 kroner i gåvemidlar.

- Vi set utruleg stor pris på denne gåva, seier styreleiar Merethe Søgnen Lyslo, etter at Aslaug Valaker frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane hadde vore i Innvik og overrekt sjekken.

Vikane skulemusikk har ei aktiv gruppe av unge musikantar, og har også gode støttespelarar blant korpsmusikantar over "dei første tenåra".

- Og så er vi veldig heldige som har Ketil Rasmussen som dirigent. Han driv også aspirantopplæringa, og er ein ressurs vi håpar vi får behalde i mange år til, seier Merethe Søgnen Lyslo.

- Kva skal pengane nyttast til?

- Vi har 16 aspirantar på gang, og dersom vi er så heldige at dei fortset, så må vi investere i instrument. Dessutan er det fint å få støtte til å finansiere kjøp av tenester gjennom kulturskulen. Og så vil vi reise på tur. Det er kjekt å kunne tilby korpsmedlemmene noko anna enn berre øvingar, så vi planlegg ein overnattignstur kombinert med øvingshelg, seier Merethe Lyslo Søgnen.